Hopp til innhold

Snart kan du legge vekk desse - for nokre dagar

Over skyene er himmelen alltid blå, heiter det. Snart kan vi også sjå blå himmel frå bakkenivå i Sogn og Fjordane.

Støvler

HALD UT: Støvlane har nok vore meir i sving enn sandalane no i sommar, men snart kan dei få seg ein pause. Kanskje ...

Foto: Thomassen, Christian / SCANPIX

– Det er ikkje tvil om at det har vore ein våt juli og våt start på august, men det er håp om ein godvêrsperiode frå søndag av, er gladmeldinga frå statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim.

Godt og varmt

Arnstein Tjøstheim

GLADMELDING: Statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim har godt håp om sol og sommar i neste veke.

Foto: Astrid Rommetveit

For det er ikkje til å skubbe under ein stol, det har vore ein fuktig sommar. Solfaktoren er det nok dei som har reist ut av fylket som har fått mest nytte av. Men tru det eller ei, snart går det mot tørrare og varmare tider.

Dersom prognosane slår til.

– Det kjem ikkje med det same, men frå søndag ser det ut til å byggje seg opp eit høgtrykk. Det er litt fram i tid, men det er godt håp om at det blir varmt, seier Tjøstheim.

– Men det fortener vi vel no, etter denne sommaren?

– Ein kan nesten seie det.

Få skademeldingar

Det siste døgnet har vore fuktig for store delar av Vestlandet. Det var meldt mellom 50 og 100 millimeter nedbør over 36 timar. Klokka 08 tysdag morgon hadde Vêrvarslinga på Vestlandet følgjande «bestenoteringar»:

  • Brekke 63 mm
  • Takle 65,1 mm
  • Hovlandsdalen 74,2 mm

– Det er ein del på 24 timar, men likevel var det nok våtare i Hordaland. 144 millimeter er mykje nedbør, seier Tjøstheim.

Nedbøren har ført til obs-varsel både med tanke på flaum og jordskred. Så langt ser nedbøren ut til å ikkje ha gjort store skadar. I alle fall har ikkje NVE fått varsel om det.

– Vi har fått eit par uromeldingar frå Hordaland og i Stryn, men utover det kjenner eg ikkje til at det har vore skader, seier fungerande regiondirektør Toralf Otnes.

Vått, men så ...

I følgje Fjordabladet har elva gått over sine breidder i Kjølsdalen og over vegen i Lefdalsbygda. I Hyllestad stengjer eit jordras fylkesveg 607 ved Leirvik. Vegen er venta å opne onsdag ettermiddag.

Flaumvarselet vil vere på gult nivå ut tysdagen. Jordskredvarselet vil derimot halde seg gult også onsdag.

– I Sogn og Fjordane er det verste over no og det vil gå over til byer som vil vare eitt par dagar. Fredag er det venta eit nytt lågtrykk frå vest og det blir nedbør laurdag, seier Tjøstheim.