NRK Meny
Normal

Håkon Fimland er død

Den tidlegare kultursjefen og friidrettsutøvaren sovna stille inn natt til søndag 74 år gammal.

Håkon Fimland

DØYDDE I NATT: Håkon Fimland blei 74 år gamal.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det er med stor sorg vi har teke imot meldinga om at Håkon Fimland natt til søndag sovna stille inn i barndomsheimen til kona Kari i Innvik i Nordfjord, skriv ordførar i Førde, Olve Grotle og rådmann Ole John Østenstad i ei pressemelding.

Fimland vart 74 år gamal.

Han har sidan 1976 arbeidd i Førde kommune. Først som dagleg leiar for det nye kulturhuset i Førde, Førdehuset. Seinare som kultursjef og kommunalsjef fram til 2012. Dei siste åra har Fimland vore prosjektleiar for utbygginga av Hafstadparken i Førde, og han var fram til det siste i aktivt arbeid i kommunen.

Fimland var i tillegg ein profilert friidrettsutøvar. På spesialdistansen 110 meter hekk har Fimland sju NM-titlar frå 1970–1976. Han vart nordisk meister 1971, og han deltok i EM 1969 og 1971 med semifinaleplass som beste resultat. Han var utteken til OL i München i 1972, men måtte melde forfall på grunn av skade.

Håkon Fimland og Kjellfred Weum

FRIIDRETTSPROFIL: Håkon Fimland har fleire medaljar frå friidrettsbana. Her i duell med blant anna Kjellfred Weum.

Foto: Knut Edvard Holm

– Håkon Fimland vil bli hugsa som ein stor idrettsmann og samfunnsaktør som har vore sentral i utviklinga av Førde-samfunnet, skriv Grotle og Østenstad.

Dei fortel at tankane i dag går til familien.

– Ein heidersmann er gått bort. Vi tenker på kona Kari og dei tre borna Heidi, Håkon Andre og Ola Richard med familiar.