NRK Meny
Normal

Den finaste hagen i Noreg er i Olden

Johanna og Gunnar Nygjerd bur i ein bratt bakke i Olden. Hagen deira, med terassar og 60 skulpturar, er kåra til Noregs vakraste.

nygjerd

BRATT: Hagen har terassar, trappar og stiar.

Foto: Privat

Johanna og Gunnar Nygjerd

GLADE: Johanna og Gunnar Nygjerd har den finaste hagen i landet.

Foto: Privat

– Me vart veldig overaska, det var nesten så me ikkje trudde det var sant. Så vart me veldig glade, men det har ikkje gått heilt opp for oss enno, seier Johanna Nygjerd.

Ein fagjury frå eit bustdasmagasin, med eit opplag på over 1 million, har kåra hagen til Johanna og Gunnar til den vakraste i heile landet, skriv Fjordingen.

– Me er så heldige at me bur i så flott natur som me har i Olden og Sogn og Fjordane. Me har himmelen til tak, fjell og skog til veggar, og sjø og jord til golv, seier Johanna.

(Saka held fram under biletet)

nygjerd

SKULPTURAR: Det er i alt 60 skulpurar og statuer i hagen.

Foto: Privat

Bur bratt

– Eg og mannen min har utforma hagen i lag. I og med at me bur i ein bratt bakke, laga me murar, terassar, trapper og vegar. Så fant me ut at det kunne vere fint med litt skulpturar, seier Johanna.

Dei har budd i Olden i 37 år og hagen er blitt eit viktig uterom for dei.

– Me tenkjer på hagen som eit hus. I hagen vår har me mange rom som me har møblert. Ein kan vandre frå rom til rom, og ein ser ikkje alt med ein gong, seier Johanna.

Skulpturar

nygjerd

SUNNIVA: Det tok Johanna nesten ein heil sommar å lage satue av Den heilage Sunniva.

Foto: Privat

Paret har laga 80 skulpturar. 60 av dei står i hagen deira.

– Me ynskjer å signalisere glede og optimisme gjennom skulpturane våre. Det er mange forskjellige typar. Nokon er eit par meter høge, noken er små. Nokon er abstrakte, nokon naturalistiske, seier Johanna.

Eit viktig element i hagen er ein stor statue av Den heilage Sunniva.

– Eg er opprinneleg ein seljeværing. Eg bestemte meg for å lage ein stor statue av Den heilage Sunniva. På den måten får me den kristne kultutarven og historia om ho inn i hagen og nærmiljøet, seier Johanna.

Arbeidsfordeling

Johanna og Gunnar bidreg med kvar sitt til hagearbeidet.

– Me utfyller kvarandre. Mykje av det tungste arbeidet tek Gunnar seg av. Han lagar terassar, vegar og fundament til skulpturane. Eg utformar dei fleste av skulpturane med lag på lag med ei blanding av sand og betong. Eg brukte nesten ein heil sommar på den heilage Sunniva og det måtte 30-40 lag til før ho stod ferdig, seier Johanna.

(Saka held fram under biletet)

nygjerd

INNGANGSPARTI: Skulpturar ynskjer gjester velkommen.

Foto: Privat

Gøymselhage

Ein bratt bakke i Olden er den perfekte plassen til å utfolde seg kreativt.

– Om me budde i eit byggefelt hadde det kanskje vore meir problematisk med så mykje skulpturar, seier Johanna.

Det er mange som har stor glede av hagen til Gunnar og Johanna.

– Det er ein hage til å leike og kose seg. Me har fem barnebarn og det er ein flott hage å leike gøymsel i, seier Johanna.

Vegopning på Bergum i Førde kommune