Hopp til innhold

Hadde ikkje høyrt eit kvekk om at dette stod på menyen

Eit reisefølge på ferietur til Alanya i Tyrkia fekk ei uventa oppleving på utflukt til elva Dim Chai.

Reisefølget opplevde noko heilt spesielt på ferien

PÅ LEIT: Sjå kva reisefølget fann under bordet (FOTO: Kai Aage Pedersen)

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen, er på ferie saman med familien. Reisefølget hadde akkurat ete lunsj på ein restaurant heilt nede ved elva då ei av jentene mista mobilen på golvet.

– Dottera mi skvatt til då ho plutseleg såg nokre fugleføter under bordet, seier Pedersen.

Kelneren kom til og rydda vekk all maten før han løfta vekk bordet.

– Plutseleg dukka det fram ei gås. Vi hadde sete der i rundt tre kvarter og ikkje høyrt eit kvekk, seier han.

Ikkje nok med det, men gåsa hadde lagt eit egg.

– Alle ungane syns dette var kjempestas! Vi har mange fine ferieminne, men dette er den store snakkisen frå ferien, seier Pedersen.