Hopp til innhold

Gut smitta av E. coli

Ein to år gamma gut frå Eid er innlagd på Haukeland Universitetssjukehus med E. coli -smitte.

Informasjonsavdelinga ved sjukehuset opplyser til Fjordabladet at tilstanden for guten er kritisk.

Mattilsynet og kommunehelsetenesta skal no ta prøver i Stårheim Barnehage der guten har plass.

Tysdag kveld informerte skulesjef Harald Sivertsen i Eid kommune foreldre i barnehagen.

- Vi ser så langt på dette som eit isolert tilfelle, seier skulesjefen til avisa.

Sivertsen seier at barnehagen ikkje blir stengt.

- Det vert halde ope som vanleg, seier skulesjef Harald Sivertsen.