Ho meiner staten må takke ja til tilbodet frå oppdrettar Ola Braanaas i Firda Management. Han vil byggje bru over Brandangersundet i Gulen for 45 millionar kroner mot å få seks konsesjonar tilbake. Brosvik meiner distrikta lir under manglande vegløyvingar, og difor må godta ein bytehandel.
Samferdsleminister Terje Moe Gustavsen er skeptisk til Firda Management sitt forslag. Midlar som skal brukast til vegbygging må i alle tilfelle prioriterast, seier Gustavsen, og stiller spørsmål ved om det ikkje ville vore lurare å bruke pengane ein annan stad.