Elevar frå Gulen som skal gå på vidaregåande skule i Hordaland, må bu heime. Det er eit av krava i fylkesrådmannen si innstilling til ny avtale. Dermed har fylkestingspolitikar frå AP, Harry Mowatt, fått delar av krava innfridd.
Forelder til to av elevane som har nytta avtalen, Helge Pedersen, meiner kravet er urimeleg. Han fryktar lang reisetid for elevane som vel utradisjonelle linjer.