Striden om grensa i Fensfjorden har pågått sidan 1996, og eigedomsrett over område vest i havet er blitt meir interessant etter at norsk territorialgrense vart utvida frå fire til 12 nautiske mil frå 1. januar i fjor.
Ein million kroner
I dette området ligg mellom anna olje-rørledningar, og grenseutvidinga kan føre til auka eigedomsskatt til kystkommunar. Ut frå dette kan Gulen gå glipp av rundt millionen i eigedomsskatt på grunn av oljerøra til Trollfeltet.
Omstridd skatt
No er denne eigedomsskatten omstridd og oljeselskapa har gått til sak mot fleire kystkommunar der dei protesterer mot at grensutvidinga skal få så store skattemessige følgjer. Men dersom oljeselskapa ikkje vinn fram i retten, kan grensereguleringa bety at Gulen kan misser store framtidige inntekter.
Trist for kommunen
Gulenordførar Trude Brosvik seier til avisa Strilen at eventuelle tap av skatteintekter gjer avgjerda trist for kommunen. I tillegg er det ei følelsesmessig sak for Gulen at dei som kystkommune ikkje lenger har eigedomsrett til område ut mot den norske sokkelen. Storparten av områda Gulen har mist skal no høyre til Fedje. Fedje får grense i havet mot Solund.