Hopp til innhold

Gulen får bruke Helse Bergen

Helse Vest godkjenner Gulen kommune sin søknad om å bytte helseføretak frå Helse Førde til Helse Bergen. Det stadfester adm. direktør Herlof Nilsen overfor NRK. Seks år har gått sidan Gulen søkte om å få vende seg sørover. No er altså konklusjonen klar. – Vi flyttar ikkje føretaksgrensene. Gulen vil framleis høyre til Helse Førde, men dei får no bruke tenestene i Helse Bergen som så får betalt av Førde, seier Nilsen.