Gründerpris til Loen Skylift

Loen Skylift har vunne grunderprisen i Sogn og Fjordane for 2017. Det vart klart under Temposeminaret som gjekk av stabelen i Florø i ettermiddag. Sidan opninga i mai har over 90 000 tatt turen med gondolbana som tek deg frå havnivå og 1000 meter rett opp til fjellet Hoven.

Eivind Grov tok i mot prisen på vegne av Loen Skylift og var godt nøgd med det.

Eivind Grov fekk gründerpris på Temposeminaret
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK