Hopp til innhold

Grønt lys for laks til Russland

Etter ni månedars kamp får Firda Management i Gulen igjen eksportere fisk til Russland.

Anlegget til Firda Seafood på Byrknesøy
Foto: NRK

Tysdag kveld fekk dei godkjenninga frå russiske styresmakter. Dagleg leiar Ola Braanaas er svært glad.

 

- Ein kjempefin dag 

Ola Braanaas
Foto: NRK

- Det har jo rådd stor uvisse, og det er klart at det har prega oss som jobbar med dette at det har vore så uforutseieleg, men i dag er ein kjempefin dag.

Bly og kadmium

I desember i fjor kom sjokkmeldinga om at Russland vil nekte import av fersk norsk laks og aure fordi dei meinte det var funne unormale mengder av bly og kadmium i fisken. Dei kravde å sjølve få kontrollere anlegga der fisken blir slakta og pakka.

Inspisert i august

I mai kom dei fyrste russiske inspektørane til Noreg, og like etter vart to norske lakseslakteri godkjende for eksport til Russland. I august vart åtte nye anlegg inspisert, mellom dei slakteriet Martin E. Birknes, som tilhøyrer Firda Management, men fyrst tysdag vart dei åtte slakteria godkjende for eksport.

- Vi er sjølvsagt veldig glade for at granskinga gjekk bra og vi har fått godkjenning.

Ikkje krise

Dei siste ni månedane med fersk norsk laks og aure utestengd frå Russland har ikkje skapt den krisa som mange frykta. Årsaka er at eksportørane har fått selt fisken andre stader.

Viktig for auresesongen

Men med frysforbodet som Russland no også trugar med frå 1. oktober på grunn av falske veterinærsertifikat, og auresesongen som står for døra var dette veldig viktig for Ola Braanaas og Firda Management.

- Russland er den viktigaste auremarknaden for oss, vi er jo utestengde frå EU-marknaden med 24 prosent straffetoll, så for oss er det veldig viktig og svært gledeleg at vi har fått opning for den russiske marknaden.