Hopp til innhold

Grev opp kyrkja frå innsida med gravemaskin

Askvoll kyrkje har sege over 30 centimeter i løpet av 150 år. No grev dei kyrkja opp med gravemaskin frå innsida.

Kyrkje

ASKVOLL KYRKJE: Den 150 år gamle kyrkja vert grave opp frå innsida.

Foto: NRK

– Det er litt spesielt å sjå ei gravemaskin midt inne i kyrkja, fortel Jostein Follevåg, bygg- og eigedomssjef i Askvoll kommune.

Den 150 år gamle Kyrkja står på sand, og det er koret som har sege 30 centimeter.

På høg tid med renovering

– No på slutten var golvet rett og slett så skeivt at folk merka det når dei gjekk på det, seier byggsjefen.

Det skal etablerast eit fundament i koret, derfor må den gravast opp frå innsida.

– Det er jo ikkje utan riksiko at ein skal jekke opp 30 centimeter, derfor har vi sett av god tid til dette, fortel Follevåg.

Arbeidet vil koste i underkant av seks millionar kroner, og etter planen skal kyrkja stå ferdig 1. desember i år. Då har kyrkja 150-års jubileum.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Stein Erlend Nesberg gjer gravearbeid inne i Askvoll kyrkje.

– No grev vi faktisk i den fyrste kyrkja som stod her, fortel Follevåg.

Den fyrste kyrkja vart bygd på 1600-talet og brann ned i 1862. I løpet av eitt år vart den kyrkja som står der no bygd.

Fekk seg ei overrasking

Midt i arbeidet fekk Follevåg og dei andre seg overrasking. Dei fann nemleg beinrestar som skal vere over 200 år gamle.

– Det vil sei at delar av den gamle kyrkja som stod der tidlegare har vore nytta som gravkammer, fortel byggingssjefen.

– Dei gamle levningane vert behandla med respekt. Beinrestane vert gravlagt utanfor kyrkja når vi er ferdige med arbeidet, seier Follevåg.