NRK Meny
Normal

Greidde ikkje bli einige om 160 Terra-millionar

Terra-kommunane hadde forventingar til rettsmeklingsmøtet med Terra Securities sitt forsikringsselskap, ACE. Men trass to dagars forhandlingar, vart dei ikkje einige.

Terra-gruppen

MANGE SAKER: Terra-saka har ført til at dei åtte kraftkommunane kjempar på mange frontar, og no hadde dei håpa å legge bak seg ein av kampane.

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

– Vi har ikkje kome til eit resultat av noko slag. Det er dialog mellom partane, men vi kom ikkje fram til noko resultat i dag, seier advokat for Terra-kommunane, Stein Erik Stinessen, til NRK.

Erstatningssaka mot ACE, der Terra Securities hadde ansvarsforsikringa si, skal etter planen opp for lagmannsretten i januar 2016. Tingrettsdommen i fjor gav delvis siger til Terra-kommunane. Dommen slo fast at kommunane hadde krav på 75 millionar kroner i erstatning, rentene inkludert, for dårleg rådgiving frå Terra. Men ACE anka.

– Saka tek enormt med tid og krefter

Rettsmeklinga dei to siste dagane har vore eit forsøk på å stoppe saka før ho hamnar i lagmannsretten. Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, sa i september at han var nøgd om kommunen kunne kome ut av meklinga på same erstatningsnivå som i tingretten.

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

RÅDMANN BREMANGER: Tom Joensen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Me ønskjer å bli ferdig med denne saka, fordi ho tek enormt med tid og ressursar, sa Joensen.

Advokaten til Terra-kommunane seier i dag at døra for eit forlik ikkje er lukka.

– Det er mogleg å kome fram til eit resultat heilt fram til hovudforhandlingane i januar, seier Stinessen, som kjem frå advokatfirmaet Lund & Co.

– Er det avtalt nye møter mellom partane?

– Det kan eg eigentleg ikkje seie noko om, seier advokaten.

Kjempar på mange frontar

Rettsmeklinga dei to siste dagane kjem berre fem månadar etter at Terra-kommunane i juni gjorde forlik med Den norske bank (DNB), eit forlik som gjorde at kommunane berre» må betale 650 millionar kroner, halvparten av det opphavlege kravet.

– Forliket betyr at kommunane kan legge saka bak seg. Avtalen er inngått på eit nivå som ligg godt under det opphavlege kravet frå banken, og det er vi nøgde med. No får kommunane frigjort midlar som kjem innbyggarane til gode, sa Stinessen den gongen.

Kommunane hadde håpa på eit forlik også med ACE, for å sette sluttstrek i den saka. For mange år etter Terra-saka sprakk, kjempar kommunane framleis mange kampar, kampar som kan betyr titals millionar for kvar av dei åtte Terra-kommunane.

  • Forsikringsselskapet ACE (Terra Securities si ansvarsforsikring): 160 millionar kroner
  • Forsikringsselskapet AIG (Terra Securities si styreansvarsforsikring): 80 millionar kroner
  • Bremanger kan i tillegg bli kvitt 120 millionar kroner i gjeld i Den danske bank, der kommunen lånte store summar for å kjøpa såkalla derivat. I den pågåande rettskonflikten med banken har kommunen fått medhald i tingretten og lagmannsretten. No kjem saka opp for Høgsterett.
  • Verdiar i buet etter Terra Securities: 180 millionar kroner
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser