– Begge brannane er no sløkte og brannmannskapa har returnert. Dei drukna det, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen til NRK.
Det var Firda som først omtalte brannane. I Askvoll kom eit bål ut av kontroll. Kjetil Kongshaug var ein av 15 mann i brannvesenet som rykte ut for å sløkke brannen då meldinga kom klokka 14.21.
– Det var eit lite bål som det fatna litt rundt, så han var redd for å miste kontrollen. Det var ikkje stort, seier Kongshaug til NRK.
Holvik ved Alarmsentralen seier eit område på rundt 100 kvadrat brann, og at politiet vert kopla inn i saka.
– Det er fordi det er bålbrenning. Vi skal undersøke om det har vore aktløyse inne i biletet, seier operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Drange.
Det er uklart kva som utløyste brannen på Sandane, der eit lite område med lyng og gras tok fyr. Brannen var meld klokka 15.19.