Hopp til innhold

Godtek bot på 1,3 millionar

Global Fish har godteke ei bot på 1,35 millionar kroner etter ei dødsulukke i Egersund i 2017, skriv Dalane Tidende. Ein mann i 40-åra omkom i arbeidsulukka. Global Fish la ned fiskemottaket i Egersund i 2018 og opna eit nytt i Florø. Bota er difor gitt til Global Florø.