Hopp til innhold

Trur på fulle tribuner mot Brann

– Billettsalet går veldig bra, er beskjeden frå Sogndal fire dagar før kampen mot Brann.

Saftkokaradn jublar for siger heime mot erkerivalen Brann

FOSSHAUGANE: Saftkokaradn jublar for siger heime mot erkerivalen Brann.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sidan kampslutt på søndag og til no har det vore eit svært bra billettsal, så eg oppmodar alle som vil sjå kampen til å kjøpe billett på førehand viss dei vil inn på stadion, seier arrangementsjef i Sogndal, Geir Inge Heggestad.

Heggestad trur ikkje bortesupportertribuna vert full og at det dermed ikkje vert fullsett tribune. Han forklarar at dei ikkje automatisk kan frigje plassane på bortesupportertribuna av sikkerheitsmessige grunnar, men at dei andre tre tribunane no er begynt å fylle seg opp.

– Korleis er stemning i Sogndal no?

– Etter søndagens nedtur og litt trykka stemning på måndag har vi innsett at dette er realiteten og vi har jobba ganske mykje dissa dagane for å lage eit skikkeleg flott arrangement som avslutning på tippeligaen.

Heggestad seier at stemninga er spent, men at dei har vore med på dette før og kan ordne dette sjølve med ein siger over Brann.

– Vi står på og håpar at alle i fotballfylket vil vere med oss og bidrag til at vi har eit tippeligalag i 2013 og, seier Heggestad.

Han trur at stemninga vert like bra som på kampen mellom Sogndal og Brann i fjor, då det var fullsett stadion og siger til Sogndal. Beskjeden er klar.

– Dette skjer berre ein gong, og det skjer på søndag og det skjer i Sogndal, seier Heggestad.