Siste åtte åra har motorskuta Hvitskjell gått i fast rute mellom Bergen og øyane yst i Gulen, Solund og Askvoll - ca 25 stogg i alt på kvar tur, og 85 år gamle Ingeborg Mattevik - på landhandelen på Buskøy i Solund - veit utmerket godt kor viktig lastebåten frå by'n er. - Viss båten forsvinn så svelt vi i hjel, eller vi må flytte. Og viss ikkje vi får båt, må vi få helikopter, seier ho.
Treng treårskontrakt
Problemet er at eigarane av Hvitskjell ikkje vil eller kan forlenge avtalen for ein kort periode. Reiar og medeigar Finn Waagene, seier til Firda at båten må gjennom ny klassifisering til hausten. Det kostar pengar, og difor må dei få ein treårskontrakt for å kunne gjennomføre denne klassifiseringa. Dersom ikkje, blir båten lagt til kai. Dei fire ombord har alt fått melding om oppseiing.
Fylket ser på heile transportstrukturen
Men treårskontrakt kan ikkje fylkeskommunen tilby no. Den er for lang, seier samferdslesjef Ole Ingar Hereid. Fylkeskommunen er inne i eit større arbeid der dei går gjennom godsrutestruktur, bussrutestruktur og båtruter. Det arbeidet held dei på med fram til våren 2005. - Vi kan ikkje gå inn på nye langsiktige kontraktar før det arbeidet er ferdig, seier Hereid.