Hopp til innhold

Godkjende 12 vallister

Fylkesvalstyret har godkjent 12 av dei 13 listeframlegga som kom inn til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane.

Jenny Følling

Senterpartiet med Jenny Følling som toppkandidat er mellom listene som er godkjende.

Foto: Dagrun Reiakvam

Den eine lista som ikkje vart godkjend er Demokratene i Norge. Dei 12 som er godkjende til fylkestingsvalet 12. september er: Arbeidarpartiet , Framstegspartiet , Høgre , Kystpartiet , Kristeleg Folkeparti , Kristent Samlingsparti , Miljøpartiet Dei Grøne , Raudt , Samfunnsdemokratane , Senterpartiet , Sosialistisk Venstreparti og Venstre .

Påstand om sabotasje

Politisk nestleiar Svein Otto Nilsen i Demokratene i Norge reagerer på at deira liste ikkje vart godkjend. Han hevdar at to personar som hadde skrive under på listeframlegget og som trekte seg etter at fristen gjekk ut gjorde dette medvite for å hindre at Demokratene i Norge fekk stille.

I ein e-post til fylkesvalstyret skriv han at dei har fått to nye namn til lista og ber om at dei blir vurdert på ny.