Hopp til innhold

Gneistar sett fyr på bakken

110-sentralen fekk melding om det som kunne vere ein grasbrann på Hjønnevåg i Solund. Det viste seg at gneistar hadde falle frå ein stolpe ved ein trafo og ned på bakken. – Det hadde tatt fyr i graset, men folk frå Sunnfjord Energi var raskt på staden og fekk sløkt brannen, seier Karl Arne Røyset ved 110-sentralen i Hordaland.