Hopp til innhold

Gløymde legitimasjonen i bilen

..men Liv Signe fekk røyste likevel.

Liv Signe Navarsete stemmer ved stortingsvalet 09
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Som den første partileiaren i landet gav ho frå seg si stemme i dag.

Presseoppmøte var stort då samferdsleministeren og partileiaren i Senterpartiet møtte opp i stemmelokala i Sogndal. Men då ho skulle presentere seg i stemmeskranken hadde ho gløymt legitimasjonen sin i bilen.

Vanlegvis må ein syne legitimasjon ved val, men Navarsete slapp.

Det vart ikkje sagt kva parti ho stemde på, men leiaren for Senterpartiet hadde nok ikkje store kvalar med å bestemme seg.

Og ho var tydeleg på kven ho ikkje let stemma si gå til.

- Hovudmotstandarane er Framstegspartiet og Høgre fordi dei har politikk som ikkje stimulerar til vekst i distrikta.