Hopp til innhold

Gloppen Høgre brettar opp ermane

Gloppen Høgre legg ikkje ned i protest mot eige parti. – Det blir for enkelt, seier pressekontakt Knut Roger Nesdal.

Olin Johanne Henden og Bjørn Hollevik

GIR SEG IKKJE: Olin Johanne Henden (t.v.) og resten av Gloppen Høgre legg bak seg dei tapte kampane og ser framover.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lokallaget hadde torsdag kveld sitt mykje omtala «skjebnemøte» der deira eigen eksistens skulle avgjerast.

Pressekontakt Knut Roger Nesdal seier det aldri vart særskilt til tema på møtet.

– Det var eit lite minutt nemnt, men det vart fort forbigått. No ser vi framover, seier han.

Stor misnøye

Knut Roger Nesdal

HELD FRAM: Knut Roger Nesdal seier Gloppen Høgre ser framover.

Foto: Birger Meland / NRK

Det har murra lenge i Gloppen Høgre, og misnøya til både eigen stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og fylkeslaget har vore stor etter at Sogn og Fjordane Høgre gjekk for ein Indre Trase for E39.

Misnøya vart ikkje mindre då Regjeringa gjekk for same alternativ. Kring 15 av lokallaget sine 45 medlemer møtte på møtet torsdag kveld.

– Vi hadde eit fantastisk møte der medlemmene gav si støtte til arbeidet som er gjort, og vi i styret ser at det er mykje spennande ting å jobbe vidare med framover. Vi vel å brette opp ermane og gå på, seier Nesdal.

– Vi ser framover

– Kva vart sagt om misnøya til eige parti?

– Det er ein del av historia vi må ta med oss. Vi er frykteleg skuffa over enkeltpersonar, vi er frykteleg skuffa over fylkesstyret og vi er frykteleg skuffa over ein del av prosessane som har skjedd.

– Men valet er gjort, så det kan vi ikkje få gjere noko med. Vi vel å sjå framover. Legg vi ned no, så blir vi endå meir usynlege. Det er no kampen byrjar, legg Nesdal til.

Har mange saker

Mesteparten av tida gjekk til å stake kursen vidare. Lokallaget har allereie spelt inn krav om utbetring av eksisterande E39 før traseen blir flytta om Stryn og Kvivsvegen til Volda.

I dette ligg det opprusting av Byrkjelo – Anda og 20 minuttsavgong på ferjesambandet.

– Det er skulestruktur, det er mykje som vil skje på fylket framover og vi vil ha bru i midtre. Her er så mykje spennande å jobbe vidare med, at dersom vi legg ned no, så misser vi eit talerøyr. Det ynskjer ikkje vi, seier Nesdal.

Tek med seg historia

– Er det så lett å berre sette strek over dei tapte sakene?

– Alternativa er frykteleg mykje dårlegare, så det må vi berre gjere.

– Vi må berre ta med oss historia og legge løpet vidare. Vi må sjå kven som er våre allierte kring om, og snakke med folk. Vi har andre vi kan snakke med, og her er val vidare framover, avsluttar Nesdal.