Hopp til innhold

Gliser for låt spelt over 11 millionar gonger

Om dagen er Sjur Kristian Gimmestad dataingeniør, men om kvelden glir jobben over frå datasystem til taktfaste rytmar.

Sjur Kristian Gimmestad

GRUNN TIL Å GLISE: Med 11 millionar avspelingar på to månader, er SJUR allereie på gang med ein oppfølgar.

Foto: Marcus Valeur

Norsk musikk er i vinden som aldri før. Ein av dei som bidreg til det er Sjur Kristian Gimmestad frå Sandane. Singelen «Let Me Love You» har fått over 11 millionar avspelingar på Spotify på to månader.

– Eg hadde ikkje forventa at den skulle gjere det så godt. Det er cover av ei kjend låt, men tidspunktet for lydbilete gjer nok at den treff mange, seier han.

Songen er ein nyutgivelse av den amerikanske artisten Mario si låt frå tidleg 2000-talet. Det er likevel ikkje i Norge den slår best an.

– Singelen har blitt tatt mykje betre imot i dei andre skandinaviske landa. I Sverige og Danmark er den inne på topp 50 av dei mest strøymde låtane, fortel Gimmestad.

SJUR, som er artistnamnet til Gimmestad, er i godt lag i fylket. Martin Tungevaag frå Stadlandet var ein av dei mest spelte norske artistane i utlandet på radio i 2015. Iselin Solheim frå Naustdal har bidrege med vokal på dei populære låtane «Faded» og «Sing me to sleep» av Alan Walker.

Ny musikk på veg

Kygo har spelt ein av remiksane til SJUR, Billboard har nemnd ei av låtane, og i 2015 vart han årets norske up-and-coming elektroniske artist på NRJ.

På dagtid jobbar Gimmestad som dataingeniør innan infrastruktur, medan helgene ofte går vekk til spelejobbar.

– Livet må planleggast. Det er jobb frå kl. 8 til 16, så er det heim for å ete middag og bruke fire til fem timar i studio før ein tar kvelden.

Sjur Kristian Gimmestad

NY MUSIKK: No planlegg Gimmestad ny musikk.

Foto: Marcus Valeur

Bak seg har han plateselskapet Sony Music Norge på laget. Ein oppfølgar er allereie på gang.

– Det skal vere ei original låt, elles er lite anna bestemt, seier Gimmestad.

Medan arbeidet med den nye låten er i gong, aukar tal på avspelingar dag for dag.

– Enn så lenge blir det meir og meir for kvar dag. Skikkeleg kult, seier han.