Hopp til innhold

I morgon skal Aksel (12) syngje framfor 7300 i salen

Når finalen i MGPjr går av stabelen i morgon, står Aksel Hauge Vedvik (12) framfor 7300 publikummar i Oslo Spektrum. Det gler han seg stort til.

Klar for finalen i MGPjr

MORO: Aksel Hauge Vedvik (12) frå Bremanger gler seg til å få

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er veldig spennande. Eg gler meg til å øve og eg gler meg til finalen, seier Vedvik.

600 håpefulle sende inn sitt bidrag for å få vere med i MGPjr. Berre ti vart plukka ut til den store finalen som går laurdag.

Laurdag står han på scena i Oslo Spektrum og skal framføre songen sin «Ingenting å tape». Salen i Spektrum er utvida for å gje plass til endå fleire publikummarar, og 7300 barn og vaksne kjem til å sitje i salen når showet tek til klokka 19.55.

Du kan sjå heile showet direkte på NRK1.

Har vorte kjend med alle dei andre

Vedvik har allereie vore på fleire generalprøvar på den store scena, og er godt nøgd med eigen innsats.

– Det har gått kjempebra. Vi har feila av og til, men det går bra, seier Vedvik.

Oslo Spektrum er ei svært stor scene, men Vedvik har ikkje hatt noko anfall av sceneskrekk til no.

– Det er sært, men på ein god måte. Eg tykkjer det er heilt fantastisk, seier Vedvik.

Han har også rukke å bli litt kjend med dei andre deltakarane han skal konkurrere mot.

(Artikkelen held fram under videoen)

Presentasjon

SONGEN: Høyr ein smakebit frå songen til Aksel Hauge Vedvik.

Trur pappa er mest nervøs

– Alle er kjempehyggelege, og eg er god venn med alle saman. Vi tenkjer ikkje på at vi er konkurrentar. Vi konsentrerer oss berre om å gjere vårt beste, seier Vedvik.

Han har med seg pappa på turen til Oslo.

– Han er meir nervøs enn meg. Eg er ikkje nervøs, seier Vedvik og ler.

Songen «Ingenting å tape» har ungguten skrive sjølv.

– Den handlar om å tru på seg sjølv og godta at andre er litt annleis. Du må leve ut draumen din og ikkje bry deg om kva andre seier, seier Vedvik.

Har litt sug i magen

Nervane har han til no ikkje kjent noko til, og han er ikkje så redd for at dei skal gjere seg til kjenne heller.

– Eg blir som oftast ikkje nervøs. Du veit når eit fly tek av, det sug i magen. Litt sånn trur eg det kjem til å vere i morgon. Det var det i går under generalprøva, seier Vedvik, som gler seg stort.