Planen er å etablere eit større senter innan trafikktryggleik på området, seier Jon Fimreite, som er med i interimstyret for bana.
Omstridd nedlegging
I april i år vedtok Norges Automobil Forbund å leggje ned øvingsbana på Kaupanger av økomomiske årsaker, til store protestar, mellom anna frå Jon Fimreite, som var tilsett som banemeister. NAF dreiv bana til 1. september. No har Fimreite samla lokale krefter for å få bana i drift att. Og planen er at det skal bli meir enn obligatorisk opplæring i glattkøyring.
Ventar avklaring
Men enno manglar nokre brikker for å få realisert planane. Fimreite håpar at eit møte der mellom andre Sogndal kommune, sjåførskulane og dei lokale NAF-avdelingane er med kan gje avklaring på den økonomiske biten.