Hopp til innhold

Glatt på vegane - desse hamna i grøfta

Gårsdagens nedbør og nattas kulde har ført til glatte vegar i fylket. Og det blir meir av denne vêrtypen i dagane framover.

Bil og trailer i grøfta

I GRØFTA: Desse to har vore uheldige denne februarmåndagen. Bilen har køyrt av vegen på fjellet mellom Åheim og Bryggja, medan traileren har køyrt seg fast i Sogndal.

Foto: NRK-tipsarar

– I låglandet har det vore veldig våt vegbane før det fraus på, og her ser asfalten bar ut, men det er glatt. I høgda er det snø, men der er det lettare å sjå korleis føret er, fortel statsmeteorolog Steinar Skare.

Meldingar frå NRK Sogn og Fjordane sine lyttarar/lesarar tyder på at det er mange som har opplevd glatte vegar denne måndagen.

Verst i ytre strøk

På vegtrafikksentralen i Lærdal har dei ikkje fått inn så mange meldingar som dei kanskje hadde venta. Det fortel Jan Erikstad.

– Det kan verke som at folk er flinke til å tilpasse seg etter forholda. Det er mest i ytre strøk at det har vore trøblete føre, seier han.

Erikstad legg til at køyretøy som skal oppover Sogndalsdalen bør tenkje tidleg på å leggje på kjetting då det er få plassar oppe i dalen å gjere dette.

Riksveg 13 over Vikafjellet vert ikkje opna i dag på grunn av rasfare. Her blir det ei ny vurdering klokka 12 tysdag og opnar difor tidlegast i morgon ettermiddag.

Bygevêr og dårlege køyreforhold

Det er venta vest- og sørvestleg bris denne måndagen. Ved Stad er det stiv kuling, og i løpet av ettermiddag og kveld vil det komme nordvestleg liten til stiv kuling langs kysten og etter kvart også i fjellet, opplyser statsmeteorolog Skare.

I løpet av helga har det komme ein del snø fleire plassar i fylket, og det uføreseielege bygevêret vil halde fram.

– Bygene vil ta seg opp utover kvelden, og vi kan få kraftige byger og kanskje torevêr. Eg trur at i løpet av ettermiddagen så bør folk som skal over fjella vere obs.

Skare seier at sjølv om dagen i dag er grå vil ein kanskje kunne få eit gløtt av sola inni mellom.

– I korte periodar kan det nok komme litt solskinn. Det er jo bygevêr og inni mellom sprekkar skydekket opp. Det gjer også at temperaturane endrar seg, så det vil nok vere vanskelege køyreforhold i tida framover, fortel Skare.