Hopp til innhold

Er sjeleglad for at vinden stod rett veg - frykta brannen skulle spreie seg

Dagleg leiar ved Eivindvik Slipp, Tove Nygård, frykta heile slippen skulle gå opp i flammar då ho kom fram til båtbrannen i Eivindvik i natt.

Båtbrann i Eivindvik

UTBRENT: Den 73 fots store trebåten byrja å brenne i natt. Den låg ved kaia i Eivindvik på grunn av eit motorhavari. No er den heilt utbrent.

Foto: 03030-tipser

– Det var veldig dramatisk, og eg er sjeleglad for at vinden stod rett veg, ut frå land. Elles hadde slippen gått med i brannen, seier Nygård.

Politi og brannvesen fekk melding om at ein 73 fots trebåt stod i full fyr i Eivindvik i 01-tida i natt. Det var eigaren av båten, ein 34 år gammal mann frå Nord-Norge, som melde frå om brannen.

Høyrde smell frå messa

Han var i styrehuset på båten i lag med ein kamerat då dei høyrde smell frå messa.

– Dei heldt på med repareringsarbeid på ein dynamo, og hadde sett ein del batteri på lading i messa. Vi mistenkjer at brannårsaka har samanheng med dette, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Morten Kronen.

Båten vart raskt overtent, og brannvesenet fekk også opplyst at det var ti kilo propan om bord. Dei frykta ei stund både at det skulle eksplodere om bord og at brannen skulle spreie seg til slippen.

Nygård kom til Eivindvik Slipp så fort ho fekk beskjed om brannen, og ho frykta ei stund at brannen skulle spreie seg.

– Det låg mange båtar rundt der. I tillegg er det eit overbygg på slippen som går ganske langt ut. Hadde det fatna der, hadde det truleg gått ille med slippen, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under bileta)

Låg til kai medan dei venta på ny del

Ho er svært glad for at dei to mennene, som var om bord i båten, kom seg ut.

– Eg håpar det går bra med dei. Det såg frykteleg dramatisk ut, seier Nygård.

Dei to karane kom med båten sørfrå for ei veke sidan, og skulle vidare nordover. Men dei hamna til kai i Eivindvik etter eit motorhavari.

– Det synte seg at dei måtte bestille ein del for å få fiksa båten. Sidan begge måtte tilbake dit dei kom frå på jobb i mellomtida, sa vi at båten kunne liggje til kai her. Men vi har ikkje hatt noko med arbeidet på båten å gjere. Vi har berre halde eit auga med båten medan dei var vekk, seier Nygård.

Skulle vidare i dag tidleg

Båtbrann i Eivindvik

STORE SKADER: Dei to personane på båten oppheldt seg i styrehuset då brannen starta.

Foto: 03030-tipser

Båteigar kom tilbake til Eivindvik måndag og har sidan jobba med å reparere båten slik at dei kunne dra vidare.

– Eg prata med dei i går, og då verka dei som om dei hadde fått fiksa det dei skulle. Dei skulle vel etter planen reise vidare i dag tidleg, seier Nygård.

Ho rosar innsatsen til brannvesenet.

– Dei gjorde ein kjempejobb, seier Nygård.

Dei to personane som var om bord, eigaren og ein kamerat, er tekne med til legevakta i Knarvik.

– Dei er oppegåande og i fin form, men har pusta inn litt røyk og måtte difor få ein legesjekk, seier Kronen i politiet.

NRK har vore i kontakt med båteigar. Han fortel at dei er ferdige hjå legen.

– No må vi sove litt, seier 34-åringen.

Eivindvik slipp