Hopp til innhold

Gjorde sjeldan stort narkotikafunn

Måndag vart to personar arresterte i Vik med 600 gram hasj og marihuana. Regionlensmannen skryt av innsatsen til det lokale politiet og publikum som tipsa om ein mistenkeleg bil.

Arne Johannessen

GIR ROS: Regionlensmann Arne Johannessen set stor pris på eit snartenkt publikum som varsla politiet om ein mistenkeleg bil i Vik måndag denne veka.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Regionlensmann Arne Johannessen seier til Sogn Avis at godt og effektivt arbeid av Vik lensmannskontor, kombinert med hjelp frå publikum, resulterte i ei god sak.

– Folk var raske på labben og melde inn noko mistenkeleg og det er utruleg bra. Vik lensmannskontor var raskt på plassen og fekk undersøkt både folk og bil. Det betyr at dei fekk fjerna 600 gram med narkotika frå brukarane, seier Johannessen til NRK.

– Nokså mykje i vår målestokk

Politiet fekk nemleg melding om det som viste seg å vere ein rusa førar. Ved å følgje bilen sine rørsler på alle overvakingskamera i område klarte politiet å komme fram til 600 gram marihuana og hasj som var tekne ut av bilen og gøymde ein annan stad.

– Det er nokså mykje i vår målestokk. Det er ikkje så ofte vi i Sogn har så store kverrsetjingar. Det er brukardose til svært mange, seier Johannessen.

Han vil ikkje kommentere korleis pågripinga gjekk føre seg eller kor hasjen og marihuanaen vart funne, men seier det er ingenting som tyder på at andre var involverte. Dei to personane som var i bilen er begge heimehøyrande i Bergen og er kjenningar av Hordaland politidistrikt.

– Dei er ikkje nybyrjarar, seier Johannessen.

Sender saka vidare til Bergen

Dei to vart tekne med til Sogndal der dei sat ei natt i arresten og vart avhøyrde. Begge har tilstått.

Regionlensmannen seier pågripinga også hadde stor verdi på andre punkt.

– Ein tilleggseffekt er at dei som vart tekne var svært farlege førarar som var rusa på narkotika og hadde køyrt bil eit stykke. Dessverre har vi altfor mange i trafikken som køyrer i rusa tilstand og er livsfarlege trafikantar. Vi er glade for kvar ein slik vi får luka ut.

Saka skal vidaresendast til Hordaland politidistrikt, og det er opp til påtalemakta å vurdere om det blir teke ut tiltale.

– Men det er heilt naturleg. Dette er jo ei ferdig etterforska sak med tilståing, så det endar nok med eit oppgjer i etterkant, seier Johannessen.