Hopp til innhold

Gjer forretning ut av bilkø

Venninnene Vanja Måren og Lisa Løseth syter for at dei som står i kø i Lånefjorden får mat og drikke.

Vanja Måren (t.h.) og Lisa Løseth

NØGDE KUNDAR: Lisa Løseth (t..v.) og Vanja Måren tente pengar på svoltne bilistar, mellom dei arve Tokvam.

Foto: Aleksander Øren Heen

Sist torsdag stod dei fleire timar og selde kaffi, kaker og pølser med brød til bilistane som måtte vente på å kome gjennom Høyangertunnelen, der det er lange stengingar på grunn av arbeid i tunnelen.

– Vi har entreprenørskap i dei tre siste timane på torsdag, og så hadde vi sett at folk kunne bli ståande i timevis i kø her i Lånefjorden, seier Vanja Måren.

Dermed var forretningsideen fødd. Torsdag kokte dei kaffi, dei bakte kaker, og dei varma pølser, og dei fann eit passeleg bord som dei plasserte strategisk ved fylkesveg 55.

– Vi heldt på til klokka fire om ettermiddagen og tente 400 kroner. Og det såg ut til at dei som handla med oss var veldig nøgde med at dei fekk seg noko i livet. Det var stengt i Balestrand, så det var ikkje noko mat å få der, seier Vanja.

Ho lovar at Lisa og ho skal vere på plass att ved fylkesveg 55 i Lånefjorden komande torsdag.