Hopp til innhold

Gjensidige Bank kjem uansett

Den nye Gjensidige Bank kjem til å vere på plass i Førde ved årsskiftet uavhenging av om Finansdepartementet seier ja til aksjeselskap eller ikkje, seier Arvid Andenæs som er administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt hovudkontor i Førde.
Foto: Øystein Windstad / NRK

Han seier dei no er i full gang med tilsettingane.

- For å etablere Gjensidige Bank er vi berre avhengige av ein bankkonsesjon frå Finansdepartementet, og den vil vi ha på plass innan utgangen av månaden.

Avgjerd i Finansdepartementet

I utgangspunketet skulle Sparebanken Sogn og Fjordane også omgjerast til aksjebank i samband med opprettinga av den nye Gjensidige Bank. Tidligare har Kredittilsynet sagt nei til at forsikringsselskapet får overta 34 prosent av aksjane i sparebanken og dermed sikre seg negativt fleirtal. No er saka til handsaming i Finansdepartementet, som altså skal kome med ei avgjerd i løpet av månaden.  I mellomtida går arbeidet med å tilsette folk til den nye nettbanken for fullt.

Adm.banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Foto: NRK

- Ingen veg tilbake

- Der er det ingen veg tilbake. Så kan ein stille spørsmålet: Kva med Sparebanken Sogn og Fjordane? Hugs på at her blir det to bankar, to organisasjonar. Eg blir leiar for Sparebanken Sogn og Fjordane inntil noko anna blir bestemt og vii har fått på plass banksjef for Gjensidige Bank. Den banken kjem opp og står i konkurranse med oss og med andre bankar som planlagt.

- Kva då om departementet seier det same som Kredittilsynet, at de ikkje får lov til å omdanne Sparebanken sogn og Fjordanetil eit AS.

- Framleis god tru

- Vi har framleis god tru på at politikarane vil sjå det distriktspolitiske aspektet i det å få etablere banken og få oppretta stiftinga som vil få markant eigarposisjon i ein bank, og der vi og får frigitt midlar til å å drive regional utvikling på eit anna nivå enn vi har hatt økonomiske musklar til så langt. Kva som blir modellen om vi ikkje får lov til det er for tidleg å gå inn på. Det er noko leiinga i Gjensidige og vi i tilfelle må sette oss ned og drøfte.