Gjengedal sluttar i SFE

Terje Gjengedal sluttar som konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi 1. mai. Han tok til i stillinga for to år sidan. Han har familien sin i Akershus og har vekependla til Sandane. I ei pressemelding seier han at han kjenner den store reiseaktiviteten på kroppen, og at det kan vere rett å sleppe andre krefter til. Asgeir Aase blir konstituert i stillinga frå mai og til ny konsernsjef er på plass.

Terje Gjengedal
Foto: Arne Stubhaug / NRK