Hopp til innhold

Gir 50.000 til gruveaksjonistar

Organisasjonen Redd Villaksen løyver 50.000 kroner til Natur og Ungdom sitt protestarbeid mot gruvedrift med fjorddeponi i Førdefjorden. Interesseorganisasjonen meiner ungdomane gjer eit viktig arbeid og vil difor støtte dei. Styreleiar Jens Olav Flekke, presiserer at pengane skal gå til mat og drikke, og at dei vil ha dokumentasjon på utlegg i etterkant.