Hopp til innhold

Gift var berre vaskevatn

Det er stor lette i Gulen etter at det no ser ut til å vere dokumentert at avfallet frå det såkalla giftskipet "Probo Emu" berre var vaskevatn.

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Kåre Ness

Statens forureiningstilsyn (SFT) seier det ikkje var last frå det omstridde skipet "Probo Emu" som brann under eksplosjonane hos Vest Tank.

Dette er konklusjonen til SFT etter at dei har gått gjennom rapporten frå Vest Tank. Det som brann var svovelhaldig slam frå reingjeringa av tankane i skipet i fjor haust. Ifølgje SFT er dette også årsaka til stanken. Dei avviser og at lukta er helseskadeleg.

- Ikkje lovbrot

Rapporten frå Vest Tank kjem etter at forureiningstilsynet og andre offentlege instansar 4. juli kravde at bedrifta la på bordet dokumentasjon på korleis avfallet frå "Probo Emu" vart handtert.

Ifølgje Vest Tank vart denne dokumentasjonen øydelagt i eksplosjonen og brannen 24. mai i år.

- Etter å ha gått gjennom materialet har SFT ingen haldepunkt for å seie at det er brot på regelverket om import og eksport av avfall, skriv SFT i ei pressemelding.

- Det er ingen samanheng mellom det som vart levert fra "Probo Emu", og det som var på tankane under eksplosjonane i slutten av mai i år, sieer Harald Sørby i Statens Forureinsningstilsyn.

Vest Tank frikjende

Det har vore spekulert i om lasta frå skipet var skuld i helseplagene til folk i Gulen.

Mange har trudd at tankane som eksploderte for seks veker sidan inneheldt same gift som før har tatt livet av 10 menneske i Vest-Afrika.

Men Vest Tank, som har fått mykje kritikk i det siste, er no så godt som frikjende av SFT. Informasjonssjef Jørn Losvar seier konklusjonen til SFT stadfestar at dei har snakka sant heile tida.

- Vi er veldig glad for avklaringa om avfallet frå skipet - at det ikkje var giftig avfall som eksploderte, seier ordfører Trude Brosvik i Gulen.

- Framleis urolege

Ho opplyser at det onsdag skal være eit møte mellom kommunehelsetenesta i Gulen og Folkehelseinstituttet, der prøver og talstorleikar frå eksplosjonsområdet skal samanliknast.

- Det er klart at folk her framleis er urolege. Mange har fått helseplager etter eksplosjonen, og vi har ikkje skikkeleg fått vite kva som har vore i lufta. Difor har det vore viktig å få oppklara desse tinga, seier ordføraren.

Ho opplyser at det framleis luktar i området, og at det truleg vil ta tid før lukta er heilt borte.