Hopp til innhold

Geolog skal vurdere ras i Hyen

Ein geolog i dag skal vurdere snøskredet som i går kveld kom ned mellom Osmundneset og Holmen i Hyen.

Ras Hyen

STENGT: snøskred stenger vegen mellom Holmen og Osmundneset.

Foto: Statens vegvesen

Fylkesveg 615 blir tidlegast opna klokka 12 som følgje av snøskredet.

– Vi snakkar her om eit ras som er større enn den rassikringa som er på staden, seier vaktoperatør Ken Ove Holm ved vegtrafikksentralen i Bergen.

Raset som gjekk måndag kveld har gått i eit kjent rasområdet seier Holm.

– Raset har tatt med seg mellom 100 og 150 meter med autovern, og har gått over vegen og heilt ut i fjorden. Dei som har vore på staten seier raset er om lag 30–50 meter breitt og 3–4 meter høgt.

– Når blir vegen opna igjen?

– Det er vanskeleg å seie. Ein geolog skal til staden no på morgonen og kjem til å ta ei vurdering i løpet av føremiddagen. Vi har sett 12 som eit førebels klokkeslett, så får vi sjå kor lang tid geologen brukar.

Snøras mellom Jonsokvora mellom Holmen og Osmundneset