Hopp til innhold

Geofysikar kan ha svar på spegelbiletegåta

Er det eit spegelbilete av Shetland Geir Olsen foreviga i går? Eller kanskje Orknøyane, Atlantis eller Mongstad? Geofysikar Jan Asle Olseth trur ikkje det er noko av delane.

Biletet vart teke sørvest frå Ytre Melværsund mellom Værlandet og Bulandet.

SPEGELBILETE: Det ser ut som eit draumelandskap ute i havet, men er spegelbilete av noko heilt anna. Biletet vart teke sørvest frå Ytre Melværsund mellom Værlandet og Bulandet. – Ser ut som platå her og der, men snur ein ei sky opp ned så har jo den ein skybotn som er temmeleg definert, seier Jan Asle Olseth, førsteamanuensis ved Geofysisk institutt.

Foto: Geir Olsen

Biletet vart teke vest for Solund, tidleg onsdag morgon.

– Eg kan sjå kva som helst. Var det grassat rein luft, så kunne det i prinsippet vore Shetland. Men det er umogleg, seier Jan Asle Olseth om draumelandskapet Geir Olsen fanga på kamera onsdag morgon.

Holmar eller skjær

Biletet har fascinert mange og på Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane har det kome mange framlegg til kva spegelbilete kan vere av. Men tåke på Shetland og låge skyer ikkje så langt frå kysten stengjer ute den skotske øygruppa.

I følge koordinatane er dette Færøyane og ikkje Shetland. Slik eg tolkar biletet er dette teke i retning vest-nordvest.

Fred Olav Mulelid / Facebook
Jan Asle Olseth

GEOFYSIKAR: Jan Asle Olseth er førsteamanuensis ved Geofysisk institutt i Bergen.

Foto: UiB

Olseth trur løysinga ligg nærare enn som så.

– Eg ville tru at det er eit spegelbilete av noko som er høvesvis nær. Då landar eg på at det kanskje er skyer, eller kanskje meir blanding med skjær som ein elles ikkje ser, seier han.

– Optisk fenomen

Det er i veldig klart vêr, og når forholda mellom kald og varm luft ligg til rette for det, at luftspeglinga skjer. Då står fram objekt på horisonten som strekt og opphøgd.

Har mange ganger sett luftspeiling av Buelandet fra Gåsvær, og som gjorde landskapet helt ugjenkjennelig. Men det er mer enn 50 år siden.

Per Johan Gåsvær / Facebook

Slik som draumelandskapet Olsen tok bilete av.

Det kan vere Mongstad.

Kari Solfrid Fotland / Facebook

I prinsippet kan ein faktisk sjå ting som er spegla langt vekke frå. I arktiske strok, der det er lite vassdamp i lufta, kan du sjå temmeleg mykje lenger enn her, seier Olseth og avsluttar:

– Dette er eit optisk fenomen. Desse fenomena er det mange av i naturen. Det er om å gjere å ha augo med seg, og eg oppmodar folk til å bruke fantasien sin.