Irske Andrea Rice og Marc Hammond spelte gitar, keltisk harpe og song under konserten i Undredal kyrkje fredag kveld.
Konserten i Undredal kyrkje samla ei fullsett kyrkje. Det er plass til 30 vaksne i kyrkja, men ein får inn opptil 50 personar om ein set inn ekstra stolar.
Kyrkjekonserten var ein vakker akustisk konsert, som var prega av hendingane i Oslo og på Utøya. Til slutt song alle saman den irske salma 'Deg å få skoda' på vekselvis norsk og engelsk.
Bordsetea med rømmegraut, mylse, dravle og spekemat laurdag kveld. Oline Roti var sjefskokke, medan Leif Inge Underdal med vener spelte og song.
Tre bulgarar frå Goat Milk festival i den vetle byen Bela Retcka kom på vitjing. Det er andre gongen bulgarar er på Geitostfestivalen.
Åmund, Sveinung og Håvard Lie leverte flotte bidrag til brimostformingskonkurransen...
...men det var Margrethe Holme frå Aurland som stakk av med sigeren. Pascale Baudonnel var juryleiar og David Underdal utropar.
Kristina Ellingsen, betre kjend som Tulla, med årar på bordet og ein stor familie rundt seg, for dei skal feire dåp under “Messe ved fjorden“ dagen etter.
To kjærestar vann hestaskokonkurransen. Tormod Underdal frå Undredal vann herreklassen og Marita Foss Aase frå Sogndal vann dameklassen.
Lisanne de Blecourt (Nederland, Undredal, Sandane) viser korleis ein garver pillaskinn, dvs skinn av geitekilling.
Hagelaget og roselaget i Sogn og Fjordane overrakte bygda fem flotte roser i samband med opninga av det nye servicebygget. Dei hadde ei flott bod der dei tok imot folk som ville prate hage.
Botolv Hov frå Styvi hadde tatt turen, og slo av ein prat med gamle kjende.
Mykje å vere med på...
May Kristin Underdal prøver seg på hestaskokasting. Ansvarleg for denne aktiviteten var Sondre Torgersen.
Matbodane sto tett i tett og fekk godt besøk. Vi ser Undredal Stølsysteri, Underdalsbui med upasteurisert ost frå heile landet, Anne Karin Hetling med ost frå Skjerdal stølsysteri, Sogn Jord- og hagebruksskule og Håjen Gardsmat.
Festivalen er avhengig av mange frivillige. Her er Gøril Tveiten Lie i gang med åresal. Ho stilte og opp som felespelar i Aurland Spelemannslag under “Messe ved fjorden” dagen etter.
Gjestene på Geitostfestivalen fekk sjå korleis ein garver skinn av killing. Det var Lisanne de Blecourt frå Nederland/Undredal/Sandane som viste fram kunsten.
Ferja kom og gjekk, og bidrog til den gode festivalstemninga.
Brit tek seg fri frå jobben som leiar for “Set spedlen på hale”-konkurransen, for å handle hjå Anne K. Flåm.
Haugen Gardsmat metta mange magar med lokalt foredla kjøt i mange variantar.
Sogn jord- og hagebruksskule og Skjedal Gardsysteri hadde eit vell av varer på bordet.
Huib van der Horst og Anna Karine Marstein selde kvit og brun geitost frå Undredal Stølsysteri, Pascale Baudonnel selde kvit, upasteurisert ost frå heile landet.
Pacôme Baudonnel, for tida gardsarbeidar i Undredal, spelte vakre, franske toner på toradar.
Kjell Arne Stegen og Aud Irene Loven selde knivprodukt med råvarer frå nærområdet. Skinngarving i bakgrunnen.
Liv og røre på kaien.
Elevane ved Sogn jord- og hagebruksskule kom roande til bygda. Sidan sette dei opp ein flott bod og selde alle slags varer på skulegarden.
Eke Krug selde eigeproduserte smykke. Ho har vanlegvis eige utsal på brygga i Undredal. I bakgrunnen ser vi boden til Else Nondal frå Fardal.