Geiter raserer kyrkjegard

Sogndal kommune tek grep for å stoppe nokre geiter som over fleire år har ete og herja med blomar på kyrkjegarden ved Kaupanger stavkyrkje, skriv Sogn Avis. Pårørande er fortvila over geiteøydeleggingane, og kallar det ei form for gravskjending. Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll seier kommunen no har kjøpt inn utstyr til gjerde og at eigaren av dyra vil få sett dette opp.