Ein del foreldre ser ikkje ut til å bry seg med at dette påverkar kvardagen for andre enn dei sjølve. I sommar fann Fagforbundet ut at no må noko gjerast.
Høge gebyr
Har du unge i ein barnehage i Gulen og har henta ungen for seint tre gonger på ein månad må du ut med 150 kroner. Skjer det fem gonger er straffegebyret 500 kroner. Dette er i korte trekk innhaldet i eit framlegg hovudutvalet for oppvekst skal ta stilling til i morgon.
Dyrt for kommunen
For Gulen kommune fører det til meirutgifter. For dei tilsette som må bli igjen og vente på somlepavane skal ha overtidsbetaling.
Dei fleste er flinke
Men Solfrid Sande Oppedal presiserer at det ikkje er snakk om gebyr når det er uføresette hendingar som gjer at folk kjem for seint, og ho seier at dei fleste foreldra er flinke til å hente ungane sine i tide. Ho reknar med at gebyret vil løyse problema.