Hopp til innhold

Sogndalelevar gav ein halv million kroner til vennskapsby i Sør-Afrika

Elevane ved Sogndal vidaregåande skule har samla inn ein halv million kroner til Eshowe i Sør-Afrika.

Ordførar T.B.Zulu (nummer to frå venstre) saman med elevrådsleiar Helge Evensen Bjørkum.

IMPONERT: Ordførar T. B. Zulu (nummer to frå venstre) vart imponert over innsatsen til elevrådet i Sogndal. Her saman med elevrådsleiar Helge Evensen Bjørkum, kommunestyrepolitikar M. Ntuli (t.v.), rektor Marta Sofie Vange (t.h.) og guvernør Stan Larkin.

Foto: Sogndal vgs.

Afrikanske born i "sognebarnehage"

BARNEHAGE: Sognebarnehagen har fått namnet «Joyway».

Foto: Privat

Torsdag overrekte elevrådsleiar Helge Evensen Bjørkum sjekken til ordførar T. B. Zulu under ei tilstelling ved Sogndal vidaregåande skule.

Pengane er eit resultat av Internasjonalt Dagsverk for Eshowe, og skal gå til barnehageutbygging/samfunnsføremål.

– Vi er veldig takksame for bidraga frå Sogndalselevane, sa ordføraren under overrekkinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elevar ved Sogndal vidaregåande skule.

NY DAG: I alt 820 elevar skal på nytt ut i arbeid når elevrådet arrangerer ny Internasjonal dag for Eshowe den 26. oktober.

Foto: Sogndal vgs.

– Meiningsfullt

Beløpet er ikkje heilt ubetydleg for den afrikanske vennskapskommunen til Sogndal. Det er også grunnen til initiativet frå elevrådet ved Sogndal vidaregåande skule.

Med seg til Norge, hadde ordføraren bilete av bygginga som alt er utført der nede.

– Den mest meiningsfulle dagen i skuleåret, skildra elevrådsleiar Evensen Bjørkum om arbeidsdagen.

Imponert guvernør

Guvernør Stan Larkin

GUVERNØR: Stan Larkin.

Foto: Sogndal vgs.

I Sør-Afrika har «sogndalsbarnehagen» fått namnet «Joyway», som står for det engelske ordet for glede og dei siste bokstavane i «Norway».

Guvernør i Eshowe, Stan Larkin, takka elevane for innsatsen for eit ikkje like priveligert område som i Norge.

– Eg hadde ikkje trudd at elevar kunne samla inn så mykje pengar, rosa han elevane.