Hopp til innhold

Gav blaffen i vegarbeid

Ein hordalending i 30-åra har godteke 8000 kroner i bot etter at han nekta å stogge ved eit vegarbeidsområde i august i år. Mannen var på veg over Hemsedalsfjellet då han i staden for å stogge på signal frå trafikkdirigenten, held fram køyringa i høg fart inn i anleggsområdet. Politiet meiner det oppstod fare for både trafikkdirigent og andre vegarbeidarar.