Hopp til innhold

Gaupe tok lam

Gaupa har teke sitt første lam i år. Det skjedde i Skjolden, opplyser fjelloppsynsmann og rovviltkontakt Einar Fortun i Luster.

Funnet av det drepne lammet vart meldt om kvelden 9. mai. Men Fortun er ikkje overraska, då gaupa tidlegare i år har vore observert i Skjolden.

- Gaupa er ikkje så hard å drepa som jerven, så det er ikkje sikkert det vert fleire tilfelle, meiner Fortun.

Men han oppmodar bøndene om å følgja med, og om å melde frå straks det er mistanke om at freda rovvilt er på ferde.