Hopp til innhold

Vitja fem kontinent på ein dag - no er han i Guinness rekordbok

Gunnar Garfors frå Naustdal vitja i 2012 fem land på fem kontinent berre ved hjelp av rutegåande transportmiddel. Eitt år og ni månadar seinare godkjende Guinness rekordbok rekorden.

Gunnar Garfors

JUBLANDE GLAD: Gunnar Garfors har vore i alle verdas 198 land. Her eit bilete frå då han vitja det siste landet.

Foto: privat

– Det var ein gal idé som eg fekk då eg var i Istanbul for nokre år sidan. Eg kryssa Bosporos-sundet på to minutt, og då var eg både i Asia og Europa på kort tid. Då byrja eg å lure på kor mange verdsdelar det gjekk an å besøkje på éin dag, seier Garfors til NRK.no.

Etter å ha fundert litt, landa han på at fem kontinent burde la seg gjere, men det var i teorien, og ikkje i praksis. Garfors tok turen i 2012 saman med britiske Adrian Butterworth og produksjonsselskapet Adelia Television, som laga dokumentarfilm av rekorden.

– Saman med ein kamerat, tenkte eg at vi får prøve å bevise at det går, seier Garfors.

Planla ned i minste detalj

Turen vart planlagd ned til minste detalj. For å klare å rekke fem kontinent på berre éin dag, var dei avhengige av at flya gjekk ganske tett frå stad til stad. Men ikkje så tett at dei kunne risikere å bli ståande att.

– Vi måtte starte med å ta eit fly som gjekk klokka 01 på natta 18. juni frå Asia til Afrika. Så drog vi vidare til Paris og Punta Cana. To timar før midnatt kom vi til Caracas i Venezuela, seier Garfors.

Dermed klarte dei turen godt innanfor tidsgrensa.

– Det var eit puslespel å få flyreisene til å hengje i hop. Og det var berre på måndagar det let seg gjere, sidan det ikkje var kvar dag det gjekk fly på desse distansane, seier Garfors.

Måtte droppe å symje med delfinar

Dei reisande vart vel ein time forseinka til Punta Cana.

– Men der hadde vi sett av fire timar. Vi vart ein time forseinka, og dermed måtte vi droppe symjing i lag med delfinar i den Dominikanske republikk, som vi hadde planlagt, seier Garfors.

Dermed vart det symjing utan delfinar i staden.

– Vi hadde ikkje lyst til å berre vere på flyplassane. Det hadde vore ganske meiningslaust, seier Garfors.

Rekorden vart godkjend på måndag.

– Vi er nøgde med å kunne stadfeste at de har oppnådd ein ny Guinness World Records-tittel for «flest verdsdelar vitja på éin kalenderdag», skriv Guinness rekordbok i ein e-post.

Har planar om fleire stunt

Trass i at Garfors har vore innom alle verdas land, har han langt frå reist frå seg.

– Eg likar å reise, så det kjem eg til å halde fram med. Det dukkar alltid opp nye planar og nye reisemål. Sjølv om eg har vore i alle landa, så har eg ikkje vore på alle stadane i verda, seier Garfors.

Han har også to andre idear til reiser som kan gi han nye noteringar i Guinness rekordbok, men dei vil han ikkje seie så mykje om.

– Eg driv og syslar med noko, men det kan eg ikkje seie noko om, for då kan det hende at nokon stel ideane mine, seier Garfors.

Han legg ikkje skjul på at han er litt hekta.

– Ein får litt blod på tann, det er det ikkje tvil om, seier Garfors.

Brukar alt han tener på å reise

Kor mange reisedøgn han har hatt i året dei siste åra, har han ikkje tal på. Men han jobbar fullt i NRK, der han jobbar med digitalradio. Det fører til mykje reising utanlands i seg sjølv.

– Det vert mykje reising både innanlands og utanlands. Så kjem alt anna i tillegg, seier Garfors.

Etter å ha vitja alle verdas land i fjor, hadde han planar om å ta det litt meir med ro i 2014. Men førebels ser det ikkje slik ut.

– Til no i år har eg reist meir enn noko sinne. Ein blir litt avhengig. Men så brukar eg alt eg tener på det også, seier Garfors.

Nøyaktig kor mykje, har han ikkje rekna på.

– Nei, men det er så å seie alt eg har tent. Eg får ikkje spart meg opp noko pengar, kan du seie, seier Garfors.

Heile turen tok 28 timar og 25 minutt

Garfors har også vitja alle verdas 198 land, som verdas yngste hobbyreisande. No driv han og skriv bok om både Guinness-rekorden og reisene til dei 193 andre landa.

Rekordteksten oversett frå engelsk er slik:

«Gunnar Garfors (Norge) og Adrian Butterworth (Storbritannia) vitja fem verdsdelar på éin kalenderdag ved å nytte rutegåande transport mellom austsida av Istanbul i Tyrkia (Asia), Casablanca i Marokko (Afrika), Paris i Frankrike (Europa), Punta Cana i Den dominikanske republikk (Nord-Amerika) og Caracas i Venezuela (Sør-Amerika) den 18. mai 2012. Heile turen tok 28 timar og 25 minutt, men skilnadar i tidssonene gjorde at Garfors og filmdokumentarskapar Butterworth klarerte tollen i kvart land på same dag».