Hopp til innhold

Har snart besøkt alle verdas land

Når kalenderen når 9. mai, har Gunnar Garfors besøkt alle verdas land. For å nå det målet, må sunnfjordingen besøke seks land, berre i påska.

Gunnar Garfors på tur

GLOBETROTTER: Gunnar Garfors har snart besøkt alle verdas land. Her frå Mikronesia i 2011.

Foto: Privat

Gunnar Garfors har sett seg eitt mål – å besøke verdas 193 FN-land, samt fem land som er anerkjende av fleire av FN-landa; Vatikanet, Kosovo, Vest-Sahara, Taiwan og Palestina.

– I Kristi himmelfartsdag reiser vi til Kapp Verde, seier Gunnar Garfors frå Naustdal.

Firesifra tal flyturar

Til Kapp Verde reiser reiselystne Garfors med familie og vener for å feire at han har vore i alle verdas land.

Sunnfjordingen er tilsett i NRK, men har sidan 2008 vore leigd ut for å drive dotterselskapet Norges mobil-TV AS og I DAG, ein internasjonal organisasjon for digitalradio og mobil-tv.

Onsdag gjesta Garfors Forbrukerinspektørene på NRK. Der fortalde han om reisene sine.

– For å rekkje galskapen har det blitt eit firesifra tal på flyturar, men også meir uvanlege transportmiddel som lastebåt, politibil, hest og tommelfinger, fortel han på nrkbeta.no.

Helgetur

For eit par veker sidan, skulle Garfors på ei konferanse i Barcelona. Då bestemte han seg for å nytte høvet til å reise til Seychellane, nord for Madagaskar i Afrika.

– «På veg» til Barcelona, tok eg ein helgetur til Seychellane. Det vart ein stor omveg, men ein fin tur, seier Garfors.

No manglar han berre sju land, og seks av dei skal han besøke i påska.

– Eg tek sommarferien i påska, og skal ta meg tid til å besøke seks land i Stillehavet, fortel globetrotteren.

Dyrt

Reisene har kosta mykje, men Garfors veit ikkje eit nøyaktig beløp.

– Nei, det vil eg ikkje vite. Men eg bur billig, og har ikkje mange andre store utgifter, så då går det akkurat, seier han.

Kriteriet for å ha vore i eit land, er at han må ha ei oppleving derfrå. Ei historie å fortelje. Det gjeld ikkje dersom han berre har vore på ein flyplass, eller eit tog som køyrde gjennom landet.

Vil halde fram

Når han har vore i Kapp Verde i mai, og altså vore i alle land i verda, vil han berre fortsette å reise. Det er nemleg mange land han vil reise tilbake til.

– Særleg «-stanlanda» i Sentral-Asia, til dømes Kasakhstan, har veldig fin natur. I tillegg vil eg reise tilbake til Irland, Madagaskar og Japan, fortel Garfors.

Som reisetips til andre turistar, vil han trekkje fram verdien av å reise utanfor allfarveg.

– Eg vil oppfordre til å tenkje utradisjonelt, og reise til ein anna plass enn du har tenkt. Opplevinga kan bli sterkare av å prøve litt andre ting enn du elles ville valt, seier naustedølingen.