Hopp til innhold

Garasje og campingvogn brann opp

Ein stor garasje og ei campingvogn stod i full fyr mellom Holvika og Hallnes i Vågsøy kommune i kveld.

Brann i garasje

FULL FYR: Flammane stod ut gjennom taket, og garasjen fekk store skader. Foto: Bjarne Eldevik.

SISTE: Klokka 21.20 melder Alarmsentralen at brannvesenet har kontroll med brannen.

Det er ikkje kjent kor store skadane er, men NRK sin mann på staden fortalde tidlegare om at flammane stod ut gjennom taket, og svært stor røykutvikling.

– Det er mykje røyk, forferdeleg mykje røyk for dei som bur på andre sida av vegen, sa Bjarne Eldevik klokka 20.45

Naudetatane rykte ut med full styrke, og Eldevik talde tre brannbilar, redningsbil, ambulanse og politi.

Det ser per no ikkje ut som nokon har kome til skade av brannen eller røyken.

– Det er ikkje meld om folk i garasjen, og vi har ikkje teikn på at folk er skadde i hendinga, seier Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Politiet opplyser at årsaka til brannen ikkje er kjend, og at saka vert følgd opp av Vågsøy lensmannskontor.

Garasjebrann Vågsøy

FULL UTRYKKING: Her prøver brannvesenet å få kontroll før flammane slo gjennom bygget.

Foto: Bjarne Eldevik