- Skålatårnet har ingenting med tuberkulose å gjere

Tuberkulosepasientar var aldri ein del av bakgrunnen for at Skålatårnet vart bygd, seier lokalhistorikaren Ove Eide. No går han i stevne med den etablerte historia rundt tårnet.

Skålatårnet Morgenstund ved Skålatårnet.

VAKKERT: Uansett kva tanken bak var, er Skålatårnet eit syn som bør opplevast.

Foto: Svein Ulvund / Bergen Turlag

– Det alle skriftlege kjelder fortel er at Skålatårnet vart bygd med tanke på fjellvandrarar og turisme. Dette med tuberkulose må i så fall ha vore ein hemmeleg plan heilt fram til 90-talet.

Fjellet Skåla i Loen, med det berømte Skålatårnet på toppen, er eit av Norges mest omtykte turmål. Det blir jamleg farta til heile året, og er kvar sommar mål for det kjende motbakkeløpet Skåla Opp.

Historia om steintårnet på toppen av fjellet, slik dei fleste kjenner ho, går ut på at distriktslege Hans Henrik Gerhard Kloumann ville bygge steintårnet som ein kvilestad for tuberkulosepasientar.

Les om opphavsmannen til Skålatårnet i Fylkesleksikonet

Kun brukt til turisme

På 1880-talet tok det til å bli kjent at frisk fjelluft kunne ha ein lindrande og lækjande effekt på tuberkulose, som vart dåtidas store folkesjukdom.

Tårnet vart fullført med gåver frå Bergen Turlag etter Kloumann gjekk bort i 1891, og har aldri vore brukt til anna enn turisthytte og nødhamn for dei som måtte trenge det i fjellet. Likevel har tuberkulosepasientane stått som sjølve grunnen til at arbeidet vart starta opp. Men det er feil, seier Ove Eide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hans Henrik Gerhard Kloumann med familien sin

OPPHAVSMANN: Ingen tvilar på at disktriktslege Kloumann var opphavsmannen til Skålatårnet. Men kva han eigentleg ville med det er gjenstand for debatt.

– Diktar meiningar

– Kloumann har vorte tillagt tankar og meiningar. Det ser ut som om det er to tankar som har smelta saman i fantasien til enkelte. Det eine er høgfjell og turisme, det andre er tankane om at tynn og god luft skulle berge mot tuberkulose. Så har desse to tinga smelta saman til ei god forteljing. Og det er ei kjempeforteljing, seier Eide.

– Men som historieframstilling er hefta og bøkene som har kome ut seinare tid svært lite tilfredsstillande fordi dei hoppar over kva kjeldene seier og diktar meiningar inn i tankane til Kloumann.

Logisk brest

Eide peikar på den logiske bresten i at pasientar med nedsett lungekapasitet skulle fraktast så langt frå allfarveg, noko som også var grunnen til at ingen tuberkulosepasientar nokon gong sette sin fot på den 1842 meter høge Skåla.

Dei eldste skriftlege kjeldene Eide har funne på at behandling av tuberkulose låg bak planane om Skålatårnet er frå 1991, hundre år etter at tårnet vart ferdig. No framstår dei likevel som gjengs sanning. I nettleksikonet Wikipedia, på tallause nettsider, i NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon og i praktboka "Skåla – fjellet og folket" som kom ut i 2011.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ove Eide

HISTORIKAR: Ove Eide går i stevne med den etablerte historieforståinga rundt Skålatårnet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

NRK gav etter ...

– Eg meiner eg har sannsynleggjort at det ikkje finst nokon grunn til å tru at dette vart planlagt med tanke på tuberkulose. At det har vorte snakka om folkehelse, tuberkulose og høgdeopphald trur eg på, men at han skulle kople tankane i tida til tårnet? Då hadde han vore ein dårleg fagmann. Eg tykkjer forfattarane av boka skaper eit vanry rundt Kloumann han ikkje fortener, seier Ove Eide.

Då Eide publiserte undersøkingane sine i årets årsskrift for Stryn Historielag, var ansvarleg for NRK sitt fylkesleksikon, Kjell Arvid Stølen raskt ute og endra nettartikkelen om Skålatårnet.

Les og Kloumannstårnet i Fylkesleksikonet

– Eg er ganske sikker på at Ove Eide har rett. Eg har alltid lurt på korleis ein distriktslege som Kloumann kunne vera så tosken at han trudde at tuberkuløse pasientar kunne fraktast opp på Skåla og innkvarterast i ei steinhytte, seier Stølen.

... men Fænn står på sitt

Men Inge Fænn, som skreiv «Skåla – fjellet og folket» saman med journalisten Stig Roger Eide, kjem derimot ikkje til å snu. Dei munnlege overleveringane om Kloumann sine opphavlege planar er så botnsolide at det ikkje finst grunnlag for tvil, meiner han.

– Dette tek eg med stor ro. Munnlege kjelder er også kjelder. Eg hadde sjølv to besteforeldre som var vaksne på den tida Kloumann kom med ideane sine, og begge har fortalt at dette skulle vere for lungesjuke, seier Fænn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Inge Fænn

INGEN TVIL: Inge Fænn har ingen skriftlege kjelder, men svært mange munnlege.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Veldig, veldig overraska

Håkon Loen er barnebarnet til ein av Kloumann sine næraste støttespelarar, og Fænn si viktigaste kjelde. Han er overraska over at spørsmålet i det heile blir stilt.

– Det må eg seie at eg er. Veldig, veldig overraska. I mi bevisstheit ligg dette så grunnfast at eg veit ikkje kva. Tuberkulose var grunntanken, men den var kanskje ikkje så enkel å finansiere. Så for å skaffe pengane som trengtes var det turisme og reiseliv det vart fokusert på, seier Loen.

Han stadfestar likevel at dei skriftlege samtidskjeldene ikkje fortel noko om lungesjuke pasientar.

– Trengte goodwill

– Eg har mange originalbrev frå Kloumann til bestefar min. Det er rett at det ikkje står noko om tuberkulose i dei. Men det er no gjerne slik at når ein vil få til noko så brukar ein ikkje dei eigentlege argumenta, ein brukar dei som kan skape goodwill, seier Loen.

Som historikar åtvarar Ove Eide likevel mot overdriven tru på munnlege overleveringar gjennom slektsledda.

– Munnlege kjelder er viktige, men dei er også upålitelege og må sjekkast opp mot andre, skriftlege kjelder. Eg har sjekka mot alt eg har funne som er skrive om Skåla dei siste 120 åra. Denne førestellinga dukka først opp i 1991, og så har den vorte sterkare og sterkare, seier Eide.