– Vi håpar og trur at vi kjem på topp tre, seier Håkon Bakke.
– Vi skal gjere alt vi kan for å få ei god plassering, seier Peder Midtbø Liseth.
Finalistane i NRKs kunnskapskonkurranse Klassequizen er klare. Dei smartaste tiandeklassingane frå kvart fylke skal kjempe mot kvarandre i finalen laurdag.
Alle ungdomsskular i landet har vorte inviterte til NRKs store kunnskapskonkurranse for tiandeklassingar. I kvart fylke har distriktskontora gjennomført innleiande rundar og lokale finalar for å finne ein fylkesvinnar.
(Artikkelen held fram under biletet)
Har øvd på hovudstadar
Det beste laget frå kvart fylke er kvalifisert til den nasjonale finalen som vert sendt på NRK1 laurdag klokka 19.55.
– Nervane er heilt under kontroll. Vi har trua på at dette skal gå kjempebra. Vi har god sjølvtillit, seier Bakke.
Prøvane til Klassequizen er godt i gang, og om berre to dagar er det klart kva lag som går til topps i den gjeve konkurransen.
– Vi har øvd litt på hovudstadar i verda. Og så føler vi at vi kan ein god del historie, så dei to kategoriane tykkjer vi at vi er ganske gode på, seier Stijn van Oorschot.
At det er mange flinke lag som skal kjempe i finalen, er det lite tvil om.
– Det verkar ganske bra. Dei har jo eit visst nivå sidan dei har gått vidare her, men alt er mogleg, seier Bakke.
Har rukke å få nye venner
Elevane har også nytta høvet til å verte kjende med nokon av konkurrentane.
– Vi har snakka med dei aller fleste, og så har vi vorte ganske godt kjende med laget frå Hedmark, seier van Oorschot.
Å vere i studio hjå NRK på Marienlyst byr også på ein del nye inntrykk.
– Det er litt rart. Eg visste ikkje at det var slik det såg ut, seier Bakke.
Litt kjendiseri har det også vorte tid til, då Dan Børge Akerø svinga innom studio.
– Vi fekk til og med ta selfie med han, så det var kjekt, seier Liseth.
- LES OGSÅ: