Sterke personlege motsetningar mellom Trygve Harry Veum og Ernst Veum skal vere forklaringa på partilaget i Gaupne sitt forsøk på å fjerne sistnemnde frå ordførarstolen. Trass i felles etternamn er ikkje Trygve Harry Veum og Ernst Veum slektningar. Dei er heller ikkje vener - eller kameratar som det heiter i Arbeidarpartiet.
Strekkjer seg langt tilbake
Spliden mellom partiet sin noverande ordførar i Luster og nestleiaren i Gaupne Arbeidarlag strekkjer seg langt tilbake - og hadde sitt førebelse klimaks i 1991. Då blei dei to kamphanane sette opp på ein felles førsteplass på partiet si liste til kommunevalet. Veljarane skulle få avgjere kven som skulle bli ordførar, og dei var ikkje i tvil. Ernst blei ordførar, og Trygve Harry greidde så vidt å sikre seg ein kommunestyreplass etter at han enda med 700 færre stemmer enn konkurrenten.
-Tøv
Anonyme kjelder både i og utanfor Arbeidarpartiet seier det her blei sådd ein fiendskap som berre har vakse gjennom Ernst Veum sine år som ordførar. Som ordførar har han støtta ting som bygginga av kulturhuset på Skjolden, samfunnshuset på Hafslo og opprustinga av sjukeheimen i Luster. Store investeringar som ikkje har hamna i kommunesenteret Gaupne har gitt fiendskapen ny næring, seier kjeldene. Trygve Harry Veum sjølv avviser dette som reint tøv, og seier han har vore svært tilbakehalden i nominasjonsprosessen. Ernst Veum vil ikkje kommentere.
Eiga liste
Foto Arne Eithun
Men det er partilaga midt i kommunen, altså Gaupne og Jostedalen, som har gått mot ordføraren. Resten av partiet støttar Ernst Veum fullt ut - men så lenge Jostedalen og Gaupne hadde reint fleirtal på nominasjonsmøtet hjelpte det lite. Då realitetane var eit faktum, og det ikkje lenger var tvil om at Inger Marie Evjestad ville bli partiet sin ordførarkandidat, var skandalen eit faktum. Skjoldingar, fortunsdøler, lustringar og hafslobygdningar reiste seg og gjekk med beskjed om at dei stiller til val med si eiga liste.
-Mindretalets diktatur
Tilbake stod det som var fylket sitt største Arbeidarpartilag i djup krise - der berre Trygve Harry Veum kunne setje ord på det dei følte.
-I andre samanhengar heiter dette mindretalets diktatur, sa han.