Hopp til innhold

Fyrte av kinaputtar ved bensinstasjon

– Dei burde visst betre, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved Vest politidistrikt i Florø.

Politi, politiet
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Politiet er langt frå imponert over dei to mennene i 20-åra som like over klokka 04 i natt fyrte opp kinaputtar like ved pumpene til ein bensinstasjon i Førde.

– No gjekk det no bra, men det kunne vore skummelt om nokon hadde sølt bensin på staden og dette gjekk i lufta, seier Næss og fortel at politiet følgjer opp saka.

Det har elles vore ei ny roleg natt ved inngangen til påska. Litt for høgt alkoholinntaket for enkelte har likevel gjort at politiet har måtte ta seg av enkelthendingar.

Allereie før midnatt fekk politiet melding om ordensuro i Naustdal og Vågsøy. I Måløy var den rusa personen borte då politiet kom til utestaden. For den som laga kvalme på ein privatfest i Naustdal enda kvelden derimot i drukkenskapsarresten i Førde.

I 0130-tida fekk politiet i Førde melding om amper stemning ved ein utestad. Personane som var blanda inn her var allereie reiste frå staden då politiet kom fram. Nokre minuttar seinare tikka det inn melding om ein trøytt og rusa passasjer som ikkje ville gå av bussen ved endestasjonen. Vedkommande fekk hjelp frå politiet med å kunne ta skjønnheitssøvnen i si eiga seng.

Den same hjelpa trengde også personen som politiet kom over i Hafslo like over klokka 02.

Tilbake i Førde, i 0330-tida, vart det dyre dropar for ein som vart teken på fersken i urinering på offentleg stad.

Denne kvelden og natta har i tillegg Utrykkingspolitiet drive trafikkovervaking i heile Bremanger. I alt 29 kontrollerte, men patruljen fann ingen grunn til å verken skrive førelegg eller anna.