Hopp til innhold

Fyllingar skal utvikle Måløy hamn

Denne veka startar utfyllingane på Måløy Hamn. Det er 70.000 kubikkmeter lause steimasser som skal nyttast i dette arbeidet.

Måløy Hamn

Det skal lagast to fyllingar på 2,5 og 6,3 mål ved Måløy hamn.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Massen kjem frå utvidingane til Kystverket i Måløysundet og Trollebøflua, og skal bli to fyllingar på 2,5 og 6,3 mål. Fylkesmannen har gitt løyve til desse fyllingane på visse vilkår. Mellom anna skal det gjennomførast tiltak for å hindre og redusere spreiing av ureina partiklar ut i hamnebassenget.

Har fleire planar

Ariel Eigedom i Måløy

Ariel Eigedom er ein av aktørne og skal lage fylling på 6,3 mål her.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Måløy eigedomsutvikling skal starte utfylling

Lefdal Eigedom AS og Måløy eigedomsutvikling skal lage ei fylling på to mål i dette området.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Sverre Søraa i Ariel Eigedom seier til NRK at dei startar utfyllingane for å vidareutvikla Måløy sentrum. Selskapet er eit av tre som står bak fyllingane.

– Det vert arbeidd med fleire planar, men vi vil no i første omgang konsentrere oss om å få fylt ut dette området når vi no får benytte desse steinmassene frå Måløysundet og Trollebøflua, seier Søraa.

Vil samle aktivitetar

Han seier at planen er å på sikt få til noko samfunnsnyttig på desse to områda.

– Ein må prøve å få samla mest mogleg aktivitetar innan eit område.

Hamnedirektør Håkon Ivar Olsen seier det må søkjast dersom ein vil nytte fyllingane.

– Skal ein bruke området, må det søkjast Vågsøy kommune om ny reguleringsplan, seier direktør i Nordfjord Hamn.

Det er per i dag ingen konkrete planar om kva fyllingane skal nyttast til.

Plan for utfylling i Måløy hamn

Slik er planene for utfylling i Måløy hamn.

Foto: Illustrasjon: Fjord-Lab AS