HYLLESTAD: – Fylkets flottaste utsikt er frå Lihesten i Hyllestad, meiner fotografen av biletet.
HYLLESTAD: Fotografen meiner Lihesten og Risnesnipa er ei gøymd perle.
HYLLESTAD: Frå toppen av Lihesten ser ein 600 meter rett ned i Sognefjorden.
HYLLESTAD: – Utsikta frå Risnesnipa på Lihesten er magisk, og ein kan sjå heilt til Bergen på ein godvêrsdag, skriv Torstein Kollevåg.
LÆRDAL: Fotografen meiner utsikta frå Nonhaug på Frønningen er den flottaste utsikta i fylket.
LÆRDAL: Solnedgang sett frå Nonhaug på Frønningen.
STRYN: Fotografen meiner Hoven i Loen gir av dei beste utsiktene i fylket.
BREMANGER: Fotografen tykkjer denne utsikta over Vetvika er av dei beste fylket kan tilby.
AURLAND: Eva Litlabø meiner denne utsikta mot Prest i Aurland er av dei flottaste i fylket.
SOGNDAL: Eva Litlabø lanserer Spe i Sogndalsdalen som eitt av to framlegg til den beste utsikta i fylket.
GLOPPEN: – Ein treng vel ikkje vere på ein fjelltopp for å ha den vakraste utsikta, spør fotografen av dette biletet frå Skjerdalsbotnen i Gloppen.
GLOPPEN: Frå Blånibba har ein utsyn over Breimsbygda, Breimsvatnet og majestetiske Skjorta.
GLOPPEN: Fotografen meiner Tystadstøylen i Gloppen er eit flott utsiktspunkt 570 meter over havet. – Ein kan gå heilt opp frå gardane ved Tystad, seier ho.
LUSTER: – Fanaråken er TOPPEN, skriv Arne Hauge og fortel at han var der i helga saman med fem barnebarn i alderen seks til 12 år. – Fanaråken har flott utsikt 360 grader. Det kan opplevast magisk å "gjennom" tåka på veg mot toppen, seier han.
GAULAR: – Storehesten er toppen, skriv fotografen og fortel biletet er frå ein tur med åtte barnebarn i oktober i fjor. Minstemann, som gjekk heile turen på eigne bein, hadde ikkje fylt seks år.
LUSTER: Børestein blir løfta fram som det flottaste utsiktspunktet i fylket. – Det er heilt fantastisk, skriv fotografen.
STRYN: Frå Fedalsnibba har ein utsikt over Strynsvatn og Erdal.
VÅGSØY: Refvikstranda mot Stadlandet
FRØNNINGEN: Biletet er teke frå Slompen, med utsikt mot Hurrungane