Hopp til innhold

Fylket mintest terror-offera

På arbeidsplassar, butikkar og i trafikken stoppa mange opp for å heidre dei omkomne etter terrorangrepa. I heile Sogn og Fjordane var det eitt minutts stille klokka 12 måndag.

Eitt minutt stille i Sogndal

SOGNDAL: Verdig markering i parken ved kommunehuset.

Foto: Arve Uglum / NRK

Stille minutt i Måløy

MÅLØY: Utanfor Rema 1000 på Måløy Brygge stoppa handlande opp.

Foto: Bjarne Eldevik
Stille i Våtedalen

VÅTEDALEN: Mange markerte eitt minutts stille ved å køyre ut til sida.

Foto: Helene Mettenes
Stille på skywalken i Førde

FØRDE: Folk stoppa opp på skywalken mellom handelshusa.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I Sogndal samla mange seg til ei stille stund i Kommunehusparken.

Inne på butikkar og kjøpesenter rundt om i fylket stoppa praten opp og folk stod i ro klokka 12, slik folk gjorde over heile Norden.

Både i Sverige, Danmark, Finland og Island gjekk styresmaktene ut og oppmoda om eitt minutts stille til minne om offera på Utøya og i regjeringskvartalet i Oslo.

I NRK vart det stille i radio, mens fjernsynet stille viste bilete frå markeringa på Universitetsplassen i Oslo sentrum. Ved NRK Sogn og Fjordane sitt hovudkontor i Førde samla alle tilsette seg til eitt minutts stille.

I Førde sentrum stoppa enkelte bilistar opp midt i hovudvegane, men mange bilistar respekterte ikkje oppmodinga som gjekk ut over radio om å stoppe opp. Inne på kjøpesentera og ute på gatene var det likevel stille i byen.

Stille i trafikken

FØRDE: Enkelte bilista stoppa for å markere stilla, som her ved Handelshuset. Men på langt nær alle respekterte oppmodinga om å stoppe opp.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK